Salsløyve for alkohol
For å kunne selje alkohol i butikk må du søkje kommunen om salsløyve.
Tenesteomtale
Kriterium/vilkår
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Du må søkje på skjema frå kommunen. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.
Vedlegg
- Planteikningar over arealet og funksjonane i lokalet
- Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
- Firmaattest frå Brønnøysundregistra
- Eventuell skatteattest
Saksbehandling
Når kommunen har fått søknaden, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyvet blir gjeve etter skjønn. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Behandlingstida i kommunen er rekna ut til om lag tre månader.
Høve til å klage
Tjenesten oppdatert: 05.04.2021 14:08